Ho Milli kom ikkje inn i går kveld, så klokka 01.00 i natt bestemte eg meg for å leita etter ho! Fant ho ganske med ein gong, ho satt og "remja" oppe i eit tre. Merkelige greier tenkte eg, ho har no alltid klatra både opp og ned i treet tidligare. Fekk meg ein klatretur midt på natta og oppdaga at ho nok ein gong var full av kliss!
Ho peip ein del då eg tok ho inn, men eg tenkte at ho kanskje berre var redd. Etter ein god vask for å få vekk klisset oppdaga eg at ho ikkje ville å legge vekt på høgre frambeinet sitt! Eg tok ho opp for å undersøke saken, og fant hevelse frå "albogen" (eller kva eg no skal kalle det..he he) og ned til poten. Milli stakkar skreik berre eg var borti beinet. Undersøkte det nærmare og fant små sår under pelsen.

Etter ei natt med ytterst lite søvn, tok eg ho med til dyrlegen i dag tidlig. Ho hadde ein temperatur på godt over 40 grader og virka slapp og sliten. Viste seg at det var kattebitt, og at ho då mest sannsynlig har vore borti ein illsint katt. Hadde kun sår på beinet, så såg ut som om ho hadde vore brukt som "tyggeleike" for ein annan katt!

Dyrlegen meinte at det ikkje var noko brudd, men sette ho på antibiotika kur for betennelse.
Stakkars vetla jento mi! Skal jaggu meg bli litt av ein haloy å få i ho antibiotikaen. Fekk ein dæsj og ei sprøyte med smertestillande hjå dyrlegen og e heilt utslitt stakkar! No håper eg berre på at ho blir bra så fort som mulig! :x-fingre[1]: