eg fekk pusabeistet kastrert da han var 4-5mnd gammel. eg hadde lest mykje om tidleg kastrasjon og syntes at det holdt stikk og var bra. dyrlegen sa riktignok at dei vanlegvis anbefalte å vente til katten er 6 mnd, men eg ville gjere det før det.
einaste argumentet som var imot tidleg kastrering såvidt eg hugser var at testikklane, altså hormoner som blir produsert i testikklane, er medansvarleg for at katten slutter å vokse. om ein altså kastrerer for tidleg, så vil ikkje hormonane vera til stede. dette resulterer visst i kjempe-katter, som er diger i vekst og ganske tjukke. det var det som dyrlegen forklarte meg som grunn mot tidleg kastrering. dette syntes eg ikkje var så viktig fordi pusabeistet er spinkel og liten, har alltid vore det. litt ekstra størrelse ville ikkje gjort han noko, tenkte eg. (pusabeistet er per i dag endå minste katten i gaten).
for det andre trudde eg ikkje heilt på det motargumentet fordi katter slutter ikkje å vokse når dei er 6 mnd uansett, så om ein kastrerer ved anbefalte 6mnd-alderen, så vil ikkje hormonane vera til stede uansett. beistet mitt har vokst fram til no, han er 1 år gamal no.
men det må seies at dyrlegen eg gjekk til på den tid ikkje lenger er min dyrlege. og det virker som om fleire her på forumet har negative erfaringer med denne dyrlegen.
eg finn diverre ikkje siden som var grunnen til at eg ville kastrere han tidleg. det var ein ganske vitenskapeleg kilde lagd ut på nettet for dyrleger. den var på engelsk og veldig omfattande. synd at eg ikkje finn siden no.
så, eg veit ikkje om det var riktig å kastrere pusabeistet så tidleg, men det virker som om det har gått bra. på onsdag skal me til dyrlegen til årleg vaksine og helsesjekk, og eg ville vera overraska om dyrlegen finn noko anna enn ein katt som er frisk som ein fisk.
heike