museproblemet her i huset er løst.
takket vera ikkje katten, som viste at han er ubrukeleg jeger. me klarte å fange musa levandes og uten skade.
musa heiter no Mr. Ernest og har fått sin eigen bolig, mat og vann. klarte ikkje å drepe denne fine skapningen, med svarte blanke augo, store museørene og søt nese. trur det er skogsmus. så søt den er! så no har eg ein ny leigeboer, men kontrollert. bæsj er ikkje lenger rundt omkring, treng ikkje vera redd for min eigen mat, og gnagde kabler er utelukka. da går det bra for alle involverte, tenkjer eg. men sjølvsagt, Mr. Ernest er født i frihet og det spørs om han kan bli lukkeleg i fangenskap. om Mr. Ernest skulle bli deprimert, så må han berre slippes ut i frihet.
katten: ubrukeleg jeger. musa har bodd her ein god stund allereie og katten har både sett og hørt Mr. Ernest uten å bry seg. men når jobben var gjort og musa fanget, så vokna jaktinstinktet og pusabeistet skulle leike seg med mus. men det fekk han ikkje no lenger. pusabeistet blei litt gira, men har roa seg no da han ikkje får tak i musa.
så det ser ut som om det går bra med både pus og mus i bofelleskap.
Heike