beistet mitt hater å vera under dyne. men han gjorde det ein gong. det var fyrste natta i nye hybelen min, i januar. det var bitande kaldt ute, og inne og. eg kunne sjå pusten min inne. dette huset er veldig dårleg isolert (eg kjenner trekk sjølv om vinduene er igjen) og elektriske ovnen får ikkje opp varmen.
eg hadde ikkje endå skaffa ved. var jo fyrste natta. eg låg meg ull-undertøy, ullgenser, dyne og sovepose og fekk likevel ikkje varme i kroppen.
den natta tvang eg pus under dyna. og han godtok det fort, skjønnte at der var det varmt. han sov i armkroken min og tett inntil meg. eg hakka tenner heile natta, men han sov avslappa under dyna.
eg har ofte seinare tvunge han under dyna i kalde netter (tom for ved, fann ikkje noko byggeplasscontainer med ved), men då nekta han. kanskje det ikkje var såå kaldt som i fyrste natta.
heike