har lest at forskjellige raser har forskjellig aktivitetsnivå, altså kor mykje dei treng å pese og leike.
kva er aktivitetsnivået på huskatt?
er min huskatt hyperaktiv? han klarer sjelden å leike med seg sjølv, men klager og suttrer voldsamt fordi det er jo jobben min å underholde han. ute kjeder han seg, så kjem han heller inn for å mase på meg. Eg leiker sjølvsagt med han, både vel og lenge, også blir han trøtt og gir seg. men ein halv time seinare er han på igjen.
har også lest at katter søv 14-23 timer/døgnet, men det kan ikkje eg konstatere. lurer på om han faktisk søv mindre enn meg, (dvs mindre enn 7-8 timer), eg hører han styre på av og til. (men greier å sove likevel).
pusabeistet fyller eit år i juli, han er kastrert. han kan ut og inn, han blir mykje leikt med. han var alltid aktiv, men før har han likt seg ute og det gjer han ikkje no lenger. han berre kjeder seg.
eg er veldig glad i katten min og syns at det er kjekt å ha ein livlig katt, men littegranne roligare hadde eg satt pris på.
må innrømme at eg ikkje syns det er så kjekt å lese bok/ lage mat/ drive med data mens eg dingler med ein skolisse i andre hånda...
heike