eg har aldri prøvd kattegodteri frå dyrebutikken. forresten, har ikkje endå sett frysetørket sei på dyrebutikken? eller var eg berre blind? skal spørre etter det neste gong.
av menneskemat liker pusabeistet ingenting. ein kan godt la stå på bordet kva ein vil, han snuser knapt på det. våtfor har han likt da han var mindre, men no vil han ikkje ha. av og til et han ein teskje med sheba, men resten av det kan eg kaste, det held seg jo ikkje lengre enn ein dag (dvs om ein ikkje har kjøleskap).
det einaste han liker er tørrfor. og det beste han veit er når han får ete tørrfor ut av hånda mi. men eg har sett at han åt ein smule sjokolade som låg på gulvet. men sjokolade vil eg ikkje gje han.
så her går det i tørrfor. alle varianter, ikkje noko favoritt.
heike