eg treng litt hjelp her, kva ville dere gjort?
eg er student, ikkje etablert, leietakar. gjennom ein del tilfeldigheiter har eg fått pusabeistet mitt (han vart funne i parken som bitteliten og ingen ville ha han, skreiv om det før men finn ikkje innlegget). og eg er kjempe glad i han, han er kongen i huset. men, no har me flytta ut frå fine huset i parken og han forandrer seg. han er ikkje så glad i å gå ute lenger, kjeder seg, er klengete og vil leike 24timer i døgnet. den stolte tøffe pusen min virker trist. og eg veit kva som feiler han, han vil ha kattekompis. eg ser korleis han spring etter alle katter ute på gata, halen til værs, klar til å leike. dei freser og banker han, men han skjønner det ikkje, vil leike. eg veit kor glad han er dei gongene lille nabokatten leiker med han. fyrste gongen dei leika saman satt han i vindauget i 3 dager etterpå og venta på ho.
det er altså kompis han treng. og eigentleg hadde eg allereie bestemmt meg for å ta til meg ein katt til, hadde reservert lillegullet ved dyrebeskyttelsen. men igår sa eg ho ifrå meg. fordi:
1) eg er leietakar med lite penger og har allereie opplevd kor vanskeleg det kan vera å finne seg sted å bo (sjekk dagboka mi). det blir ikkje akkurat lettere med ein katt til. og det er ingen verdens garanti for at eg kan bo her i all evighet
2) eg er 26, ikkje etablert og uten røtter. eg føler at eg ikkje kan forplikte meg i kanskje 15 år, altså ca. 1 katteliv. eg har forplikta meg til å ta vare på pusabeistet, men føler at eg ikkje kan det med 1 katt til.
3) eg hater faktisk faktumet å ha hår overalt, i maten, i senga, i undertøyet mitt,overallt. 2 katter = 2x hår. (jaja, det er da ikkje det viktigaste argumentet)
så fornuften seier altså at eg ikkje bør skaffe meg ein til katt. men når eg ser på pusabeistet så er det som 1 stikk i hjerte. han som før var så stolt og tøff virker trist no. eg jobber jo og studerer og kan ikkje vera pusemor og puse-entertainer på heiltid. og eg klarer jo uansett aldri å leike med han som ein annen katt ville.
kva skal eg gjera?
hjelp!