Vi flytta med pusen vår for litt sidan. Vi flytta laaangt, så ho hadde ingen sjanse til å spasere attende til den gamle heimen. Lille Pu er 10 år, og ho er vand til å ta seg turar ut. Utemiljøet der vi bor nå er omtrent som utemiljøet der vi bodde før: i utkanten av ein by, med godt med gras og tre og buskar mellom husa, og eit godt stykke til nærmaste sterkt trafikkerte veg. Vi hadde tenkt å la det gå ei stund før ho fekk gå ut på eiga hand på den nye staden. Men slik gikk det: Dag 1 - pusen sit i glaset og får overblikk over dei nye omgjevnadene. Dag 2 - eg går tur med pusen i sele, slik at ho får sniffa litt på den nye uteplassen og sett litt på nabolaget. Men det er tungvint med sele, for ho vil heile tida inn i det tettaste buskaset, og blir sint når eg drar ho ut att. Dag 3 - pusen vil absolutt ut, og får bli med ut under oppsyn. Stikk ikkje av, men har nok med å undersøke området nærmast hagedøra vår. Det bor mange kattar i nabolaget, nemlig, så det er ikkje berre å brase inn i andre sitt territorium. Dag 4 og seinare: pusen får gå ut aleine, unntatt når det nærmar seg sengetid, for ho skal vera inne om natta. Og det går så greit. Når ho er ute, er ho som regel under buskane på uteplassen vår. Iblant går ho litt lengre, men er aldri borte meir enn ein times tid.
Men nå er altså dette ein smart katt med mye livserfaring. Og ho er vant til å ferdast der folk og kattar bor tett. Eg ville ikkje nødvendigvis anbefale den same framgangsmåten til andre. Det er vel best å vurdere kva som passar for kvar enkelt katt. Er katten ung, så bør ein kanskje halde den inne ei god stund, og evt. ta små turar i sele.