eg jobber som tilsynsvakt ved ein skole. i dei siste vekene har eg ofte sett ein feit grapus som eg trur er ein utekatt, etter pelsen å dømme. eg klarte aldri å hilse på gråpusen, den er sky av seg. (eg ville gjerne se om den er øremerka). pusen er så feit at eg tenkte at ho måtte vera gravid.
i dag har eg sett at gråpusen hoppa inn eit lite hull i veggen, kanskje ventilasjonssjakt eller slikt, på fyrommet kanskje. eg har også lagt merke til at den ikkje er så feit lenger. og da byrja eg sjølvsagt å lure på om det er kattunger nede i skoleskjellaren.
eg ville gå inn i det rommet som hullet fører til, men det viste seg at eg ikkje har nøkkelen til fyrromet, så eg kunne ikkje sjekke om det var kattunger der eller ikkje.
no har eg ein del opsjonar.
1) for å kunne sjekke om det er kattunger der nede må eg snakke med vaktmesteren som er der på dagtid, det er han som har nøkkelen. no kjenner eg ikkje han så godt. han vil sikkert vite korfor eg vil ha nøkkelen til fyrrommet og om eg forklarer om katten veit eg ikkje korleis han kjem til å reagere. kan hende at han kaster katten ut og tetter hullet, slik at katten ikkje kan bu der lenger. siden det no byrjar å bli skikkeleg kaldt er det kanskje livsviktig for gråpusen å bu ved siden av fyrrommet.
2) eg kan holde kjeft om det. slik risikerer eg ikkje at katten vert kasta ut. men slik kan eg ikkje heller ta hånd om eventuelle kattunger, få dei kastrert og finne heim til dei
3) forklare til vaktmesteren og håpe at han ikkje jager katten bort og at han let meg sjekke om det er kattunger.
kva ville dere gjort?
(skrapa no iallefall makrell i tomat frå matpakko og la det i hullet. har jo ikkje kattemat med meg på jobb liksom)
P.S. er det eigentleg mogleg at katter føder i oktober? kjem ikkje alle kattunger om våren//sommeren?