Hei alle saman!
no har eg nesten blitt ferdig med katteluke-bygginga, noko som trengte litt meir fantasi og innsats enn eg tenkte.
no har eg kome fram til eit nytt prosjekt, skal bygge klorestativ sjølv. har sett mykje på forskjellige internet sider, blant anna den her
http://www.katz.as/ .
og no har eg nokre spørsmål til dere som allereie har klorestativ heime, kjøpt eller byggd sjølv:
1) på mange klorestativ er det stiger som går loddrett opp. kan katter eigentleg bruke slike stiger eller er det mest for pynt?
2) alle klorestativ eg har sett har noko pels-liknande material opp på. er det fordi katter skal like å ligge der eller fordi dei skal klore på det? er det ikkje litt ubehagelig for katter om dette materialet er lagd av plast fordi i lag med kattepelsen kjem det til å vera statisk elektrisiet?
3) skal lage sove-hule (veit ikkje om det er det rette ordet, katte-kasse kanskje??). nokon som veit kor stor den bør vera? katten min er jo framleis liten, så eg kan ikkje berre måle han...
kjempe kjekt om dere kjem med kreative ideer eller tipps om laginga!
heike