Hei igjen!
Det handler framleis om pusen min. Siste vekene virker han veldig utilfreds. Han mjauer fordi han vil ut. så er han ute i 2 minutt, så mjauer han fordi han vil inn. rart med det er at vindauget er åpent, han KAN ut og inn slik han vil. Han går rund og virker som om han ikkje heilt veit kva han skal gjera av seg,
Katten får veldig mykje leik fordi eg bur i bofellesskap og mange leiker med han. Han får kos dersom han vil. Han har maten ståandes fram, slik at han kan ete tørrfor kor tid det måtte passe han. Han kan ut og inn nesten kor tid som helst (når eg endelig blir ferdig med katteluken så kan han det på onkle, no er vindauget open nesten heile tida sjølv om det blir kaldt her inne)
Eg veit overhodet ikkje kva som mangler han. Han har alt han treng og litt til. Han mjauer og mjauer. Eg trur ikkje han er sjuk, berre veldig u-underholdt. Men så mykje leik som den katten der får får troleg ingen andre katt. han klarer ikkje i det heile tatt å underholde seg sjølv. Han var ikkje sånn før og det er derfor eg lurer på kva som er grunnen til dette?
Har dere erfaring med utilfredse katter? Eller er det berre han som er sånn? Går det over? Han er jo fjortis no, fjortiser er jo aldri tilfreds med livet...
føler meg litt hjelpeslaus og byrjar reagere på det, er litt lei av at han er sånn.
heike