etter å ha lest mykje på nettet om akkurat beste tidspunktet for kastrering ville eg høre med dyrlegen kva ho syns om å kastrere tidleg. pusen min er no omkring 4 månader gamal. men eg veit ikkje heilt, det var ikkje så veldig givande å snakke med dyrlegen.
fyrst og framst virker det alltid som om ho har dårleg tid, så eg greide ikkje heilt spørre om det da me var inn til vaksine. no har eg vore innom for å veie han og ville nytte anledningen for å spørre. eg fekk ikkje snakke med dyrlegen, kun med kontordamene. og einaste kommentar var: ja, me kan kastrere så tidleg om du ønsker det. me ville helst vente til han blir 6 månader, men me kan ta han før. eg hadde håpt at dyrlegen ville 1) fortelle meg om pro&contra ved ein tidleg kastrasjon 2) forklare litt om korleis og kva som blir gjort 3) ta seg litt tid.
forventer eg for mykje?
isteden får eg kun beskjed om å levere han inn i 8-tida, hente han i 16-tida. punktum. meir informasjon får eg ikkje. om eg spørr eksplisitt er det tydleg at dei syns at eg er veldig plagsom, uffer litt og svarer slik at eg ikkje heilt får svar likevel.
har no avtale til kastrasjon i morgon og er slettens ikkje sikker om det er riktig å gjera det så tidleg og ikkje minst ved denne dyrlegen. føler meg ikkje trygg der eigentleg. kor mykje kan gå galt ved kastrasjon?
dyrlegen er nok grei (trur eg), men ein får jo kun snakke med kontordamene og det er vel dei som syns at eg er brysom.
kva skal eg gjera?
det finns jo fleire dyrleger her i byen, men denne der ligg geografisk veldig bra til. det er ein 10min-gåtur og eg kan bære pusen på armen, me har ikkje transportbur.
uff. forventer eg for mykje av dyrlegen?
heike