pus og eg skal til dyrlegen i løpet av dei neste 2 vekar, han skal få andre vaksine. Eg kan ta med meg ein sekk, kanskje. spørs reint praktisk sett fordi eg ikkje har transportbur til pusen min (dyrt, det òg), men bærer han på armen. det liker han, han vert pakka inn i genseren min og har det lunt og varmt. men det betyr at eg ikkje har ein arm ledig for å drasse med meg ein sekk. kanskje må eg gå to gonger.
rart forresten, har no ofte lest og hørt at katter ikkje liker å bli bært. min katt digger det, han vert alltid rolig og avslappa med ein gong me har funne rett stilling. av og til når han nekter å gå ut fordi det regner (noko som er ganske pysete av han syns eg, me lever jo i Bergen der det regner stort sett heile tida), så pakker eg han godt inn i genseren, også går me ein tur rund huset. han liker det.
kattemat: ka, eg trur eg skal kjøpe kvalitetskattemat. hugser eg fekk smaksprøve av eukanuba ved dyrlegen, så det er vel det han sel. er det grei mat?
heike