altså, eg veit virkeleg ikkje.
og difor kan det godt vera absolutt feil tankegang, men alle programmer lager ei fil, der det blir lagra dine preferences. og det er ofte at denne fila ligg igjen sjølv om du har sletta programmet. så, om du då installerer programmet på nytt, så brukes automatisk same fila og same innstillingane du hadde frå før..
eg har ein gong ved uhell klart å få nettleseren min på kinesisk. eg skjønnte jo ikkje ein dritt, sletta firefox og lasta det ned på nytt og håpte på å få han på norsk. men eg fekk han på kinesisk, igjen. firefox`en brukte nemlig same fila som låg der frå før, tross for at eg sletta programmet. så da var det om å gjere å finne denne der fila, slette den, slette firefox, installere firefox på nytt. då fekk eg han på norsk igjen.
eg veit ikkje om det er det som er problemet hjå deg. men det kan kanskje vera verdt å prøve å slette denne der fila, slette msn, installere msn på nytt.
og nei, eg veit ikkje korleis denne fila heiter. her hjå meg er det noko som heiter application support.
heike