1) aldri leik med hendane. hendane dine koser katten, men leiker ikkje med katten. det er fjærpinner eller anna leiketøy til.
2) biter ho, så sei "fy" i hard stemme i same øyeblikk. etter det ignorerer du ho, snur ryggen til ho. om kattungen din er like sugen på oppmerksomhet som min kattunge pøbel så kjem ho til å føle ignoreringa på kroppen. du kan altså sei "fy" og reise deg og gå frå ho. da kjem ho fort til å skjønne samanhengen mellom biting og din oppførsel.
3)ikkje ignorer ho til lenge etterpå. ho glemmer fort kva som var grunnen til at du ignorerte ho. ignoreringstaktikken funker kun i øyeblikket, men skal ikkje dras ut. altså... ikkje ignorer ho resten av dagen om du skjønner kva eg meiner.
eg er sikker på at ho ikkje meiner deg vondt men ikkje heilt klarer å dosere kreftene sine. siden ho også er såpass ung er det gode sjanser på at du kan lære ho at biting ikkje er akseptabelt.
legg ho ørene bak og hogger? eller er det litt for kraftig kosebiting?
heike