Hei sann!
da eg fekk pusabeistet, som er den fyrste katten min, da kjøpte eg også matbutikk-kattemat. etter eg leste her på forumet at det ikkje var bra skulle eg bytte til dyrebutikk-mat. pusabeistet var ikkje einig, han nektet å spise, nett som dine gjer det no.
eg gjekk med på ein kompromis, litt søppelmat om dagen, men det er porsjonert og eigentleg berre ein smakebit. resten av dagen står det kun den gode maten framme.
han prøvde endå å psyke meg ut, men eg psyka tilbake. og etterkvart spiste han den gode maten, men berre i smug. gode beistet mitt.
per i dag gulper han den gode maten i seg. det er ein vanesak.
så, eg trur det er om å gjere å vera like sta som katten. det er jo til kattens beste også.
heike