mine går med refleks-halsbånd som eg skreiv telefonummeret mitt på. beistet har øremerking i tillegg. den lille skal bli kastrert den 15.02 og da skal eg samtidig merke han også. men dyrlegen sa at øremerking ikkje lenger finns slik som det var før, så den lille blir chippet med bittelitt tatoo i øre.
grunnen til at mine to går med halsbånd er nok som andre her har sagt: folk flerst gjenkjenner eit halsbånd når dei ser det, men ørenummer eller chip er berre noko som folk med kattedilla vil skjønne.
i tillegg tenkjer eg at folk som blir oppmerksam på min katt, prater med den og klapper den kanskje trur at denne katten er hjemløs og tek den med seg heim, i troen om å ha gjort noko god gjerning. det vil eg utelukke.
spesielt den lille pøbelen, som spring mot alle folk med halen til værs, og er berre sååååååå skjønn og liten "stakkar" trur eg kunne vore utsatt for å bli tatt med. redsel for at slikt kan skje er ikkje heilt ubegrunnet. da beistet var berre såååååå skjønn og "stakkar" liten, så blei eg oppringt ein dag av ei eldre dame, som hadde klappet pusen min i parken og sett at beistet ble "plaget" av gåsene (nygårdsparken i bergen). ho ringte og sa at pusen måtte reddes. da eg kom fram var det ingenting som beistet måtte reddes frå, men ho eldre dame sa at ho ville nok tatt hånd om denne stakkars lille pusen, om ho ikkje hadde sett at han har halsbånd.
reflekshalsbånd fordi eg bur i byen. veit ikkje om det hjelper så mykje, men eg har bedre samvet om dei har refleks på seg.
heike