her i huset får kattene bevisst ingenting som likner på menneskemat. om det er ein ting eg virkeleg misliker så er det tiggende husdyr. har vokst opp med ein hund som alltid sikkla på bordplaten (stor hund) under middagen, eg takler ikkje tanken på det. ei bekjennt av meg har også 3 katter som alltid må vera på bordet under middagen og rapper godbiter frå fatet. eg får gåsehud av det, syns det er uhygienisk.
så, for å unngå at det skjer tigging, så får pusene heller aldri menneskemat. og det funker. eg kan ha gårsdagens kylling overnatt på bordet og beistet snuser ikkje på det ein gong. pøbelen stoler eg ikkje endå på.
det som kattane derimot får er rått kjøtt. skal det bli biff her hjå oss, så skjærer eg av småbiter til kattane. også kjøttdeig, men kun om det er reint biff fordi grisekjøtt kan visst overføre noko sjukdom. (hugser ikkje kva det var). veit ingenting om kylling, om det er ok å gi eller ikkje,da.
rått kjøtt liker pøbelen godt. beistet er ikkje så glad i det, men av og til vert han frista å ta ein bit.
i.o.m at katter er kjøttetere og eigentleg er design`a til å spise rått kjøtt så trur eg at det er ok å gje. er ikkje bekymmra for bakterier. om dei jakter mus så kryr jo musa av bakterier, og kattane takler det.
heike