.... og no er det nok!
Har i dag spist kattehår (ikkje for fyrste gong), har deretter funne kattehår i vannglasset mitt. sengetøyet virker som om det tiltrekker seg kattehår sjølv om det er 100%bomull og ikkje elektrostatisk. heile kåken min er bomba med kattehår.
eg har investert i ny børste, som visst skal kunne ta ut alt som er løs. børsten blir også flittig brukt, men eg får ikkje noko særleg ut av katten. det virker som om kattejævlane holder igjen på pelsen sin for å så spre hår resten av dagen på plasser der dei tykkjer det trengs?
er det nokon her som har gode tipps på korleis eg kan fjerne løs hår frå katten på ein effektiv måte? og ikkje minst: korleis kan eg fjerne kattehår effektivt frå kåken min?
det einaste som eg har oppdaga funker bra er å tape ullkåpen, sengetøyet og sofaen. da står eg altså med brunt pakke-tape og klistrer tape-striper på sofaen for at tapen skal kunne dra med seg hår og lo. det tek tid og tape er dyrt, det går mykje av det nemlig.
er veldig takknemlig for alle svar!
heike
(hårlei)